-

Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjon for ungdom har ope for ungdom mellom 13 – 20 år (+) kvar tysdag kl 14:30 – 16:30 på helsestasjonen på rådhuset, Ølen. Ein treng ikkje vera busett i Vindafjord, og ein treng ikkje bestille time. Det er eit lågterskeltilbod der det berre er å møta opp.

Ungdoman vil treffe lege Elin H. Vågen og ein helsesjukepleiar. Kontaktperson for helsesjukepleiar er Hilde Bjerkreim, tlf 53 65 55 60,  men det vil rullera kva for ein helsesjukepleiar som er til stade.

Ungdomane kan mellom anna få samtale med lege eller helsesjukepleiar om psykisk, fysisk, sosial og seksuell helse. Me vil gje råd ang lettare psykiske vanskar. Ved behov for tettare oppfølging blir ungdomen henvist vidare.
Anna som kan vera aktuelt er råd om søvn, fysisk aktivitet, kosthold. Ved behov henvisning til fastlege / fysioterapeut etc.
Råd angåande sosiale medier, familie, vener.

Les meir om helsestasjon for ungdom

 

Kontaktperson barn som pårøranda skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige born kan ha som følge av at borna sine forelder eller søsken er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengig eller alvorlig somatisk sjukdom eller skade.

Barneansvarleg i følgande einingar:
Ølen omsorgsenter
Vindafjordtunet
Psykisk helse og rus, Signe Mari Berntsen, tlf 489 96 208
Tilrettelagte tenester, Nina Haslemo, tlf 954 07 243
Heimetenesta
Kreftkoordinator, Unni Nordtveit Jamne, tlf 974 02 646

Desse skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn kan ha som følge av at ein forelder eller eit søsken dør.

Når den vaksne pasienten sin tilstand tilseier at borna kan bli usikre, sårbare eller oppleva uro, skal helsepersonell rutinemessig undersøkja nærmare borna sine faktiske behov for informasjon og oppfølgjing jf. Pårørendeveileder.

Kreftkoordinator tilbyr heimebesøk med samtale, oppfølging og støtte til kreftpasientar og pårørande.
Støtte og hjelp til barn når mor eller far  har kreft eller støtte og hjelp til familiar med kreftsjuke born. Kan vera eit bindeledd mellom barnehage/skule og helsestasjon.

Tenesta er for menneske med moderat eller alvorleg psykisk liding med behov for støtte og rettleiing over tid, eller langvarig oppfølging og koordinering av ulike tiltak.

Det kan òg vere menneske og familiar i krise eller med psykiske belastningar som har behov for hyppig og kortvarig oppfølging.

Tenester vert òg gitt til pårørande til psykisk sjuke, og barn og unge med familiar med psykososiale problem.

Kan gje gode hjelpetiltak for familiar som har eit barn med spesielle behov / utviklingshemming.
Foreldre som står i ei krevjande omsorgsoppgåve kan søke om avlastningstilbod. For å hjelpe barn til å bryte ei isolert tilvære kan ein søke om støttekontakt som skal bidra til kjekke sosiale aktivitar. Tilrettelagte tenester kan og vera koordinator og ha ansvar for individuell plan og ansvarsgruppe møter i familiar der dei har tenester.

Barnevernet skal sikra barn og unge naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår om dei lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling. Barn og unge frå 0 – 18 år og deira familier får tenester hos barnevernet. Hjelpetiltak kan oppretthaldast inntil bornet har fyllt 23 år, om bornet samtykker.

Barnevernet har mottakstelefon for bekymringsmeldingar.
I kontortida kan du ringe 902 46 359
Ettermiddag/kveld kan du ringe 901 70 591

Les meir om barnvernet  https://www.vindafjord.kommune.no/oppvekst-skule-familie/barnevern/

Helsestasjon for barn 0 – 5 år og deira føresette.
Her tilbyr me mellom anna svangerskapskontroll, jordmor, heimebesøk og kontrollar med helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.

Rettleiing om kost, søvn, motorikk, trivsel, språk, vekst og utvikling, samspel og andre spørsmål knytta til foreldrerolla blir og gitt.

Det er open helsestasjon kvar torsdag frå kl 13:00 – 15:00.

Les meir om helsestasjonen her https://www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/barn-ungdom-og-familie/helsestasjon/

Helsesjukepleiar har samtaletid kvar veke ute i skulane.
Målet for alt helsearbeid i skulen er at eleven skal sjå på helse som eit positivt ord og oppleve trivsel og tryggleik. Det er viktig å ha ei positivt sjølvbilete og forstå at helse også er eige ansvar. Me ynsker alle får oppleva at dei er ein ressurs for seg sjølv og andre.

Les meir om skulehelstetenesta her https://www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/barn-ungdom-og-familie/skulehelsetenesta/